november 22, 2009
september 27, 2009
Hos Ingvild på ein laurdag
Ingvild inviterte på kjeks, ost og masse anna digg

Åsgaut likte seg i sofaen

Ingrid viste fram tannlegen sin

Ingvild var fin

Åsgaut var veldig opptatt av lavalampen

Vi hadde BT-quiz i god, gammal norsk-klassestil

Og så sang og dansa vi litt i sofaen til sangar vi fann på spotify

Etter eit heller mislykka besøk på Garage enda vi på Opera der vi dansa til det var slutt. Bileta talar for seg sjølv:




september 21, 2009
Interrail del 7: Tyskland – Munchen
På ein forlatt togstasjon i Verona fann vi ei anna jente som var på samme mission som oss, nemlig få ein plass på nattoget til Munchen. Ho heitte Sasa og inviterte oss med heim til mora og stefaren sin der vi fikk ei seng å sove i og god frukost etter kvilen

Vi fekk guida omvisning i Munchen og det var jo digg

Det var masse fine bygningar å sjå på, og litt dyrare enn det hadde vore i andre land

Vi gikk til ein stor park (større enn Central Park visstnok), der hadde dei ei kunstig bølge som folk surfa på

Og det var mange tilskodarar der, inkludert oss

Midt inne i parken var det ein restaurant, eller noke, der ein kunne kjøpe typisk tysk mat

Vi skåla i øl med eplecider i, og åt megastore pretzels og pålegg og sånt

Vi var max fornøgde alle tre…

…og så begynte det å pøøøøøøsregne!

Morningen etter serverte Sasa oss tradisjonell frukost frå sitt område, det inkluderte weissbier..

..kokt kvit pølse, sennep og pretzel. Veldig spesielt til frukost å vere, men veldig godt

Men så plutselig så var det over etter mange mange timar på tog, og eg satt på Kastrup og venta på flyet til Bergen, litt vemodig men mest glad..

…fordi turen hadde vore max fin, og fordi eg hadde Mojo med Fleet Foxes, sushi, eple og vatn.

Så konklusjonen er: Interrail tilrådast på sterkaste!
september 19, 2009
Interrail del 6: Italia – Orbetello
Vi reiste gjennom Toscana på veg til ein ekte italiensk turistplass, Orbetello. Togturen var akkurat passa lang, passe varm og toget lukta fjøs

Når vi kom fram fann vi eit passe billig hotellrom der vi utførte ein forferdelig fotosession..

..mens vi drakk italiensk vin og såg på musikk-TV

I Italia er det mange sånne fine bilar.. overalt

Vi satte oss på ein lokal pub og møtte verdens raraste svenske dame som vi både fikk sett puppane og trusa til. Vi fekk oss også ein italiensk venn eller to som kunne minimalt med engelsk

Dei italienske vennane våre tok oss med på strandfest, men vi kom når dei stengte

Eg var glad likevel

God stemning og rom&cola + sigar

Dagen etter var det strandliv som gjaldt. Heile dagen

Vi fann ut at vi var komt til Bimboland..

…så Kristine måtte vise at det gikk an å vere kul bimbo også

Når vi gikk heim for å legge oss om kvelden var det som å vere i hobbittland eller noko

magisk stemning

og eg eigde Orbetello sin fotgjengertunell

Og etter ei natt var det på tide og sette kursen oppover mot skandinavia igjen

Fortsettelse følger!
august 30, 2009
Interrail del 5: Italia – Roma
Etter den lange båtturen sette vi endeleg føtene på italiensk jord, og då vi stod i den lille byen Civitavecchia (som vi hadde store problem med å uttale) klarte vi ikkje heilt å bestemme oss for kor vi skulle reise vidare, men når det begynte å bli seint heiv vi oss på eit tog til Roma med unnskyldninga om at vi ikkje kunne ha vore i Italia uten å besøke Roma

Vi fann eit B&B og sov godt før vi la ut på turistvandring

Det var ikkje berre vi som var turistar, nonner også

Ting var fine på ein rar og spesiell måte, uten å vere meint som fint

Smale gater og gamle hus

Vi snubla over Colosseum

Men var ikkje åleine om det. Turistar fanst det over alt, og det var sikkert 40 grader varmt

Ruinar, historie, turistar, varme, museum…

..og eit par bryllaup

Ei av mange fontener

Vi fann ut at vi heller ville sitte på café og ete skikkelig pizza og drikke vin og prate om ting

Det likte eg kjempegodt!

Kristine viste at ho eigde Spansektrappa

Om kvelden åt vi middag på ein romantisk restaurant, og eg åt risotto med sjømat.. Det viste seg å vere mykje blekksprut i den, sånne heile til og med (eg åt den ikkje..)

Vi gikk innom ein skummel treskjærerbutikk med dyr med auger som gikk fram og tilbake

Vi kom over endå fleire gamle bygningar

Dagen etter var det tid for vatikanstaten. Dette syntest vi om den:

Det var for varmt, det var for mange folk, det vart til at vi berre satt på ei trapp og såg på uten å gå inn nokon som helst plass

Og så bestemte vi oss for å reise til ein annan plass i Italia der det skulle vere litt færre turistar. Digg!

Fortsettelse følger…
august 19, 2009
august 16, 2009
august 11, 2009
Interrail del 2: Spania – San Sebastian
Så var vi plutselig på grensa til Spania, Hendaye. Og defrå måtte vi ta ein slags togtrikk til San Sebastian

Vi var framme, og i god tru vent vi på taxi. Lenge. Taxien kom, og fortalte oss så fint ta vi berre heller kunne gå rett rundt hjørnet

Vi innlosjerte oss og tok ei eller ti runder med idiot, seff

Dagen etter var vi turistar, og såg på stranda

Og så var vi på akvariet og såg på haiar og sånt i haitunnelen

Det var litt skummelt, men mest kjekt

Til lunsj åt vi pinchos (eller tapas som det heiter sånn ellers)

Og så ga vi is til ein mann med ein meny

Så satt vi på stranda heile dagen, og når vatnet kom lagde vi oss eit imponerande forsvar

Og så kom Kristine og var skitten og klar for ein dusj. Gjensynsgleda var stor

Vi måtte oppdatere oss på kva vi hadde opplevd. Kristine hadde vore i Madrid og i Portugal for eksempel

Så gikk vi ut og åt pinchos til middag også

Dagen etter var vi på sightseeing

Og på klesvask. Den første og einaste på heile turen

Så vart det jammen meg pinchos til frokost også.. Masse mat, mange kilo.. Digg

Vi skulle egentlig til Barcelona denne dagen, men toget var fullt så det vart ei ekstra natt i San Seb.

Då gikk vi på stranda og gravde ned Kristine

Om kvelden hadde vi ein liten førfest på rommet

Og så gikk vi ut i fine natte-San Sebastian

Jonny og Kristine smilte så fint

Eg og Kristine var kyssesjuke

Men mest glad

Før vi tok toget vidare neste dag hadde vi tid å slå i hel, eg gikk lang tur på stranda og tok bilde av Jesus-statuen oppå åsen

Kunst eller noke

Og så forlot vi rolige og idylliske San Sebastian til fordel for bylivet i Barcelona

Fortsettelse følger…
august 9, 2009
Interrail del 1: Starten og Frankrike
Etter at snille og gode Ingrid køyrte meg eins ærend frå Roskilde til København Hovedbanegård tidlig mandags morgonen, satte eg og Jonny oss på vårt aller første tog mot Hamburg. Det var god stemning til tross for lite søvn

Toget skulle til Hamburg, og på turen køyrte heile greia inn på ei ferje, der fekk Jonny seg ein måkevenn som fulgte oss heilt over til Tyskland

Første stasjon i Euorpa: Hamburg!

Vi skulle ta nattoget til Paris, og det innebar nokre timars venting i Hannover som vi slo i hel med øl og snakk

Etterkvart kom vi oss på nattoget. Ingen luksus, og vi låg i samme rom som ein svetteluktande mann og ein som såg ut som han hadde drept ganske mange + ein til. Ingen av oss sov godt den natta, og konklusjonen vart at nattog ikkje er kult

Etter å ha funne oss eit nokolunde billig og shabby hotell i eit sleasy område av Paris tok vi metroen til Eiffeltårnet

Eg hadde kledd meg fransk for anledninga

Vi blei kjempeflinke til å ta metro

Tilbake på hotellet drakk vi bittesmå Heinekens. Dei var søte

Eg prøvde å finne ut korleis vi kunne komme oss til Montmatre

Det klarte eg, og vi fann Sacre Couer med fin utsikt over byen


Gruppebilde av dei to turistane

Dagen etter, før vi reiste vidare måtte eg selvfølgelig ha makronar, som Jonny måtte kjøpe til meg, mens eg stod utanfor og blei kasta vatn på

For å komme oss til Bordeaux måtte vi reise til Charles De Gaulle-flyplassen, og der satt vi egentlig altfor lenge, og det betydde øl og 50 cent i dopengar kvar gong. Ulurt. (Eg lånte hatten til Jonny og klarte å miste den på toget)

Vi spelte veldig mykje Idiot

Etter ei natt i Bordeaux, og heilt klare for å utforske byen, viste det seg at dei ikkje hadde baggasjeoppbevaring på denne togstasjonen (heldigvis den einaste vi kom over), så planen gikk i vasken. Alt vi fekk sjå av Bordeuax var eit rart og fisefint hotell med vindu istadenfor speil, og togstasjonen:

Fortsettelse følger..
august 8, 2009
Roskilde 2009
Etter mykje om og men har eg bestemt meg for å fortsette å blogge litt til likevel. No er det snart slutt på plassen på bloggen uansett, men her er iallefall bilder frå Roskilde, og så kjem det bilder frå interrailen sånn etterkvart
Tidlig i juli, både datomessig og klokkemessig satte vi oss fornøgde i bilen for å reise eit lite stykke nedover i Europa

Vi tok båt over frå Kristiansand til Hitshals, og alle var litt øsne og klare for festival og sånt.

Etter ei natt i Hirtshals bevegde vi oss gjennom heile Danmark, mot Roskilde. Vi stoppa i Odense for å ete lunsj. Det var godt

Vi måtte stå i kø for å komme inn til og med, men det var god stemning

Teltet kom opp og eg var klar som eit egg med mentolrøyk og raudvin

Festival betyr å sitte mykje på bakken

Og gå på fine konsertar. Her spelte Gangbe Brass Band

På fredag var det klart for mine store heltar, Fleet Foxes. Det var allsang og tårer. Fint!

Klokka halv 6 på morningen spelte Stian ukulele etter å ha vore på leiteaksjon etter teltet sitt som nokon hadde flytta

Dagen etter var Stian litt solbrent, men ikkje sur av den grunn

Vi satt der alle pissa og drakk øl og åt mat, sånt gjer ein på festival altså!

Vi dansa som galne ti Gogol Bordello. Og dessutan var det det varmaste Roskilde på 33 år

Eg fekk ein skikkelig fin sveis

Vi var på Dungen seint ein kveld og stod heilt framme og sang


På søndag var det tid for kos og kjærleik

.. og I`m From Barcelona med allsang, tegn til tale, ballongar og konfetti. Herlig!

Og så avslutta Coldplay ballet, nokre var glade mens andre var litt sentimentale (eg f.eks.)

Å! Det er fint på festival

Og bortsett frå dei banda som er nevnde her såg eg også: Groundation, Hjaltalín, St. Vincent, Faith No More, Friendly Fires, Nick Cave and the Bad Seeds, Grace Jones, Röyksopp, And you Will Know us by the Trail of Dead, Håkan Hellström, Marnie Stern, Tony Allen, Eagles of Death Metal og The Whitest Boy Alive. Favorittar: Fleet Foxes, Gogol Bordello, Dungen, Grace Jones og Tony Allen









































